AVL

Embryosatsing på Jæren

Embryoproduksjon er eit sentralt verktøy i Geno sitt avlsarbeid og bidreg til å sikra framtidas NRF-oksar med høgast muleg genetisk nivå. Med aukande produksjon og ei større satsing i Rogaland søker Geno fleire avtalebesetninger som vil vera med på å styrka den avlsmessige framgangen i norsk melkeproduksjon.

Marie Rugland

Veterinær i Geno

8 fine embryo som er klare for innlegg eller frysing. Biletet er forstørra gjennom eit mikroskop, men embryoa er faktisk så store at du kan sjå dei utan forstørring som bittesmå sandkorn!

Embryo som avlstiltak

Embryoproduksjon er ein viktig del av avlsarbeidet på Norsk Rødt Fe (NRF). Behovet for denne satsinga auka etter introduksjonen av REDX (kjønnsseparert NRF-sæd), som vert brukt for å sikra rekruttering av kviger etter dei genetisk beste kyrne i ei besetning. Tidlegare var desse kyrne òg ei viktig kjelde til oksekalvar som Geno kjøpte inn som seminokseemne. Med merkbart færre fødte oksekalvar med høgt genetisk nivå vart embryosatsinga etablert med mål om å sikra oksekalvar med høge avlsverdiar. Dette bidreg til at Geno òg i framtida kan tilby sæd fra seminokser som sikrer høg avlsmessig framgang. Me ser stadig effekten av embryoarbeidet i Geno. Det viste seg òg ved utplukkinga av den siste pulja med oksekalvar før sommaren. Då var gjennomsnittleg avlsverdi på gruppa rekordhøgt på 53,3, og av dei 13 kalvane kom heile 10 av dei frå embryomødre.

«Sidan embryoa er fryst sju dagar etter befruktning, er dei avhengige av å verta lagt inn i ei livmor som er sjudagar etter brunst»

Høg produksjon av embryo og behov for fleire innlegg

I 2026 har me som mål å produsera og senda ut 3000 NRF-embryo. Embryoa vert fryste ned på strå i flytande nitrogen, og overlev på den måten i mange hundre år. Men med avlsmålet i tankane og sidan avlsframgangen er såpass stor, må me likevel rekna dei som ferskvare. Embryoa har liten verdi på lager, og me ønsker å få dei sendt ut frå Store Ree og lagt inn i ei mottakarku så raskt som muleg. Målet er at det skal gå maks 50 dagar frå produksjon til innlegg.

Med aukande produksjon treng me òg å auka antal innlegg. Derfor skal me i gang med ei større embryosatsing i det mest storfetette fylket i Norge, Rogaland. Det er i tillegg ein strategisk plass på grunn av mykje inseminering på sommarhalvåret. Då er det særleg stort behov for embryoinnlegg! I samband med denne satsinga er Marie Rugland tilsett som veterinær som skal jobbe med å legge inn embryo på Jæren, og koordinere avtalebesetninger og mottarkarkyr i dette området. Ho har tett samarbeid med veterinær Tjerand Lunde, som har mykje erfaring med embryo og lang fartstid i Geno.

Korleis føregår embryoproduksjon?

Ved seleksjon av oksekalvar i juli vart det av 250 kandidatar selektert 13 kalvar, født frå februar til mai. Dei har gjennomsnittlig avlsverdi på rekordhøge 53,3. Dei er 8 poeng over fedrene sine og 9,4 poeng over foreldremiddelet sitt. 10 av dei 13 kjem fra embryomødre (alle som har eit nummer i kolonna «stbnr mor»).

Embryoa vert produsert på Store Ree Avlsstasjon i Stange. Der er rundt 150 kviger innom kvart år, frå dei er 7-8 månader til rundt 14-15 månader gamle. Alle kvigene som Geno kjøper inn vert brukt i embryoproduksjon, med få unntak. Embryoa vert produsert på to måtar, som enkelt forklart kan skillast frå kvarandre på kor egga vert befrukta og embryoa utvikler seg. For den eine metoden skjer dette i livmora til kviga, mens for den andre skjer det i laboratoriet. Ovum Pick-Up (OPU) kallast det når ubefrukta egg vert henta ut direkte fra eggstokkane til kviga. Egga vert befrukta i ei skål, og modnast i eit varmeskap på lab, til dei er sju dagar gamle og kan frysast ned. Den andre metoden kallast Multiple Ovulation Embryo Transfer (MOET). Då vert kviga inseminert som normalt og egga modnast inne i kviga, som dei ville gjort ved ei vanleg vellykka inseminering, før me skyller dei ut sju dagar seinere og frys dei. Kvigene som er i embryoproduksjon responderer ulikt på desse to metodane, men stort sett får me ut mange fine embryo frå dei. Etter frysing har dei ei kort karantenetid på Store Ree før dei vert sendt ut i landet for å leggast inn i ei annan ku.

Korleis føregår embryoinnlegg?

Embryoskylling (MOET) på Store Ree. Embryoa vert skylt ut av livmora gjennom slangen og samlast i ei skål med filter. Etter skylling vert skålen leita gjennom i eit mikroskop. Embryoa vert så plukka ut, vurdert og fryst.

Embryostrå etter eit embryoinnlegg.

Embryoa vert sendt ut til ein embryoveterinær. Sidan embryoa er fryst sju dagar etter befruktning, er dei avhengige av å verta lagt inn i ei livmor som er sju dagar etter brunst for å kunne overleve og fortsetta å utvikle seg. Før kvart innlegg sjekker veterinæren eggstokkane til kua. Mot slutten av brunsten skjer det ei eggløysing på ein av eggstokk----ane. Etter eggløysing vert det danna ein struktur på eggstokken kalt «det gule legemet» som sørger for å produsera «drektigheitshormonet» progesteron. Progesteron er nødvendig for at kua skal kunna oppretthalda ei drektigheit, og derfor må det vera eit fungerande gult legeme på eggstokken før det vert lagt inn eit embryo. Veterinæren kjenner etter denne strukturen, og markerer kva side den er på slik at embryoet vert lagt inn på riktig side. Eit embryoinnlegg liknar i praksis på ei vanlig inseminering. Men, utenom at mottakarkviga eller -kua er en veke etter brunst, vert òg embryoet lagt på ein annan stad enn sæden ved inseminering. Livmora hos ku deler seg i to horn, som vert gradvis smalare og ender i ein eggleiar. Embryoet må først leggast i riktig horn (den sida det har vore ei eggløysing), og så skal det leggast heilt ut i tuppen av hornet. Dette må gjerast veldig forsiktig for å unngå skader på livmora. Ved eit vellykka embryoinnlegg vil embryoet fortsetta utviklinga det hadde før det vart fryst, festa seg til livmora, veksa og verta ein stor og frisk kalv.

Avtalebesetninger

Ein eggstokk med eit gult legeme (i den gule ringen). Den oransj-gule fargen forklarar kvifor strukturen har fått dette namnet. Det gule legemet produserer «drektigheitshormonet» progesteron, som er heilt nødvendig for eit vellykka embryoinnlegg og drektigheit.

Fordi embryoproduksjonen er eit avlstiltak, vert embryoa berre lagt inn hos produsentar som har inngått avtale med Geno. Dette for å sikre at me kan få kjøpt inn nok kalvar som framtidas eliteoksar og -kviger. Avtalebesetningane får embryo og embryoinnlegg gratis, mot at Geno har rett til å kjøpa inn den fødte kalven.

Det er i underkant av 30 embryoveterinærar som legg inn embryo for Geno i dag. Desse er spredt frå Helgeland i nord til Østfold i sør. Avtalebesetningar må vera knytta til, og derfor ligge innanfor rimelig avstand til, ein embryoveterinær. I dag er tettheita av embryoveterinærar og avtalebesetningar størst i Trøndelag, som saman med Rogaland og Innlandet er blant fylka med størst melkeproduksjon. Som ein del av Geno si satsing på embryo framover, vil rekrutteringa og mulegheita for å verta ny avtalebesetning vera størst i Rogaland og størst blant dei som kan legga inn embryo i sommarhalvåret, spesielt i juni, juli og august. I praksis vil fokusområdet vera ein radius på 3-4 mil ut frå Geno sitt regionkontor på Særheim.

Ofte er nålauget for å verta kjøpt inn av Geno trongt, og mange av kalvane vert derfor verande i besetninga. Dette er kalvar med genetikk på toppnivå, og gjer bonden ei stor mulegheit til å auka det genetiske nivået i besetninga. Kjøper Geno inn ein kvigekalv, har bonden alltid førsteretten til å kjøpa kviga tilbake drektig når ho er ferdig i embryoproduksjon.

Stort behov for embryoinnlegg på sommaren

Det vert plukka ut oksekalvar til Geno omtrent kvar 14. dag gjennom heile året. Det er derfor viktig for oss med god spredning i når på året desse kalvane vert fødde. Det vert lagt inn mykje embryo i vinterhalvåret, og merkbart mindre om sommaren. Det gjer at nokre puljer med kalvar er vanskelege å fylla opp, mens andre gonger må me avslå fleire gode kandidatar fordi nivået er så høgt. Me ønsker derfor fleire avtalebesetningar som har spredt kalving, og særleg dei som har mulegheit til å legga inn embryo på sommarhalvåret.

Krav til avtalebesetninga og mottakerdyr

  • Mordyr må vera frisk og klar for embryoinnlegg

  • Både kyr og kviger kan vera aktuelle mottakarar

  • Mordyr må vera i stigande hald/positiv energibalanse

  • Kua må kunna fikserast slik at embryooverføring kan skje på ein trygg og sikker måte, med best muleg sjanse for eit godt resultat

Avtalebesetninger

Kva vert sjekka hos ei muleg ny avtalebesetning?

  • Historikk for innmelding av kalv – gode rutiner for rask innmelding

  • At det vert nytta semin i besetninga og mest NRF. Dette gjer det enklare å undersøke kven som er mor og far ved forbytting av kalv. Krysningar med rasar som skil seg tydeleg frå NRF er ikkje eit problem då det er lite fare for forbytting.

  • Det vert brukt lite eller ingen gardsokse, og viss det vert brukt må paringa registrerast.

  • At det ikkje vert kastrert i besetninga

  • At besetninga har plass til å behalda oksekalv til ferdig vurdert. Me kan ikkje kjøpa kalvar som har bytta besetning.

  • Når på året besetninga inseminerer. Helst besetningar som inseminerer jevnt gjennom heile året og i sommerhalvåret, der me har færrast innlegg.

  • Om dei har genotypa seminokseemner i nyare tid og om dei har vore raske på å senda inn prøvar av desse.

Prisar og vilkår for avtalebesetninger

  • Geno dekker innleggskostnadar, kjørekostnadar og kostnadar med embryo, så alt er gratis. Ingen etterfakturering.

  • Geno har rett til å kjøpa inn kalv fra embryo til eige bruk. Geno betalar 7 500 kr (både okse- og kvigekalvar).

  • Alle dyr som det skal leggast inn embryo på skal vera registrert i EANA.

  • Geno kan, ved behov, bestemma kva embryo som skal leggast inn.

  • Alle kalvar født etter embryoinnlegg skal registrerast så raskt som muleg inn i EANA, seinast èi veke etter kalving.

  • Alle embryokalvar vert genotypa på Geno si rekning. Øyreprøve skal sendast i retur så raskt som muleg, seinest innan to veker etter motteke prøveutstyr.

  • Alle dyr det er lagt inn embryo på skal drektighetskontrollerast innan 56 dager etter innlegg, viss ikkje omløp. Denne drektigheitskontrollen betalar eigar av besetninga sjølv.

  • Avtalen er oppseieleg med èin månads varsel. Geno har rett til å kjøpa kalver frå allereie innlagde embryo til same vilkår.

«Me ønsker derfor fleire avtalebesetningar som har spredt kalving, og særleg dei som har mulegheit til å legga inn embryo på sommarhalvåret.»

Er du bonde på Jæren og kan tenka deg å verta avtalebesetning, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss! Høyrer du til ein annan stad i landet, sjekk om det er ein embryoveterinær i ditt område. Informasjon om embryoveterinærar, avtalebesetningar og NRF-embryo finn du på Geno sine nettsider. Du er òg velkommen til å kontakta oss om du har spørsmål!

Det er tre embryoveterinærar på Jæren:

Marie Rugland
Tlf: 475 00 321
Epost: marie.rugland@geno.no

Albertine Namork Gudmestad
Tlf: 413 28 338
Epost: post@ku-vet.no

Vidar Nedrebø
Tlf: 416 42 502
Epost: dyrlegevidar@gmail.com

Marie er tilsett i Geno og jobbar med embryoinnlegg, rekruttering og koordinering av avtalebesetningar og mottakardyr på Jæren.

Albertine køyrer til dagleg stordyrpraksis i området i tillegg til å legga inn embryo.

Vidar køyrer til dagleg stordyrpraksis i området i tillegg til å legga inn embryo.